Hopp til hovedinnhold

Retningslinjer for KI i opplæringa

Bilde generert av Midjourney

Vestland fylkeskommune sin bruk av kunstig intelligens (KI) skal vere basert på kunnskap om teknologien og vi skal søke å utvikle god bruk av KI som kan støtte og utvikle læringsarbeidet fag- og yrkesopplæringa. Vi skal ha ein utforskande og kritisk tilnærming til bruk av KI i opplæringa, og vite at kunstig intelligens både kan styrke og svekke læringsprosessane til elevar og lærlingar. Dette dokumentet gjev retningslinjer for bruk av kunstig intelligens i opplæringa og for dei KI-verktøya vi kan nytte.

Retningslinjer for bruk av KI i planlegging og gjennomføring av undervisninga  

Retningslinjer for bruk av kunstig intelligens, for tilsette  
  1. Skaff deg kunnskap om kunstig intelligens, og test verktøya du har tilgjengeleg for bruk i Vestland fylkeskommune. Kunnskap er grunnlaget for god og sikker bruk.
  2. Diskuter bruk av KI i profesjonsfellesskapa dine. Del erfaringar og kunnskap om god praksis, etiske og juridiske spørsmål, både med kollegaer og elevar.
  3. Ikkje del personleg informasjon i KI-tenestene. Dette gjeld både sensitiv informasjon og anna informasjon unnateke offentlegheit, multimedia (bilete, lyd video) der vi kan identifisere personar, og anna informasjon som kan knytast til elevar, tilsette og andre.
  4. Vær kritisk til svara KI gir deg, anten det er i form av tekst, lyd, bilete eller video. Generativ kunstig intelligens kan gje gode og tilsynelatande rette svar, men er basert på sannsyn og ikkje kunnskap. Du må sjølv gå gjennom svara og vurdere om dei er brukande. Sjekk alltid fakta!
  5. KI kan ikkje erstatte læraren sitt profesjonelle skjønn. Tvert imot krev god bruk av KI at læraren bruker sitt profesjonelle skjønn til å vurder når og korleis KI kan vere eit godt verktøy for læraren og elevane.
  6. Ikkje bruk KI til å vurdere elevarbeid, som plagiatkontroll eller for å avsløre elevar sin bruk av KI.
  7. Bruk KI-verktøy som er godkjente for bruk i Vestland fylkeskommune.
Retningslinjer for bruk av kunstig intelligens, for elevar
  1. Skaff deg kunnskap om kunstig intelligens, og test verktøya du har tilgjengeleg for bruk i Vestland fylkeskommune. Kunnskap er grunnlaget for god og sikker bruk.
  2. Avklar med faglærar kva tid og korleis det er tillat å nytta KI i dei ulike faga.
  3. Diskuter bruk av KI i lag med medelevar og lærarar. Del erfaringar og kunnskap om god bruk, etiske og juridiske spørsmål, både med medelevar og lærarar.
  4. Ikkje del personleg informasjon i KI-tenestene. Dette gjeld både sensitiv informasjon og anna informasjon unnateke offentlegheit, multimedia (bilete, lyd, video) der vi kan identifisere personar, og anna informasjon som kan knytast til deg,  medelevar, tilsette og andre.
  5. Vær kritisk til svara KI gir deg, anten det er i form av tekst, lyd, bilete eller video. Generativ kunstig intelligens kan gje gode og tilsynelatande rette svar, men er basert på sannsyn og ikkje kunnskap. Du må sjølv gå gjennom svara og vurdere om dei er brukande. Sjekk alltid fakta!
  6. KI kan ikkje erstatte dine eigen vurderingar og tankar. Tvert imot krev god bruk av KI at du bruker ditt eige skjønn til å vurder når og korleis KI kan vere eit godt verktøy. Er du i tvil så diskuter med andre.
  7. Bruk KI-verktøy som er godkjente for bruk i Vestland fylkeskommune.
Retningslinjer for bruk av NDLA sine praterobotar

NDLA har eigne retningslinjer for bruk av sine praterobotar, både for elevar og for lærarar. NDLA publiserer sine retningslinjer på nettsidene der du finn praterobotane: NDLA prateroboter

Kort sagt seier retningslinjene til NDLA at du ikkje skal dele personleg informasjon eller bruke den til å vurdere elevarbeid, og være kritisk til svara du får frå tenesta.

Godkjente KI-verktøy for bruk i Vestland fylkeskommune 

Godkjente KI-verktøy for tilsette

Følgjande KI-verktøy godkjent for bruk av våre tilsette (sjå retningslinjer over): 

  • NDLA sine praterobotar
  • Microsoft Copilot og KI-støtta funksjonar i Teams
  • Google Gemini og NotebookLM 
Godkjente KI-verktøy for elevar
Følgjande KI-verktøy godkjent for bruk av våre elevar når læraren vel å legge til rette for bruk av KI (sjå retningslinjer over):
  • NDLA sine praterobotar  
Krav til nye KI-verktøy som skal takast i bruk i Vestland fylkeskommune
Vestland fylkeskommune har retningslinjer/rutinar for å ta i bruk nye digitale system. Retningslinjene dekker både samordning og kontroll internt i organisasjonen og lovkrav til digitale verktøy som skal nyttast i offentleg sektor. Nye idéar og behov skal meldast inn på førehand til KI-gruppa. Det er den som melder inn behovet for eit nytt system som må gjennomføre prosessen nedanfor.  
  1. Nye verktøy og løysingar må gå gjennom porteføljeløypa. Klikk her for å lese om porteføljestyringa på intranettet.
  2. Gjennomføre ein analyse av sikkerheitsbehov (foranalyse og ev. ROS-analyse) .
  3. Vurdere personvernet i tenesta (skrive ein behandlingsprotokoll og eventuelt teikne ein databehandlaravtale). Det er skuleeigar som er ansvarleg for personvernet i alle system som vi i organisasjonen tek i bruk (t.d. eit digitalt verktøy som lagrar personopplysningar).
  4. For mange nettstadar og appar gjeld lovverket om universell utforming. Då må løysinga tilfredsstille krava til UU og innehalde ei tilgjengelegheitserklæring. Særleg gjeld dette digitale løysingar som elevane skal nytte. 

 

Kjelder 

Udir om kunstig intelligens: Kunstig intelligens i skolen | udir.no 

Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven) https://lovdata.no/lov/1967-02-10  

Lov om behandling av personopplysninger (personopplysningsloven) https://lovdata.no/lov/2018-06-15-38  

Udir om personvern: Personvern (GDPR) | udir.no 

Kap. 4.1 “Videre forutsetter en forsvarlig digital praksis at personvern og informasjonssikkerhet er ivaretatt, både gjennom en bevisst kultur i skolen og gjennom gode tekniske løsninger. Skoleeier må sørge for at de digitale løsningene som skolen bruker støtter tilpasset opplæring og inkluderende praksis.” 

NDLA sine praterobotar (med NDLA sine retningslinjer for bruk): NDLA prateroboter 

Tenk (Faktisk.no): Faktasjekk | Tenk 

Tilsynet for universell utforming av ikt: Nettsteder og apper | Tilsynet for universell utforming av ikt 

Vestland fylkeskommune sine interne føringar for porteføljestyring, datasikkerheit og personvern (du vere tilsett i Vestland fylkeskommune for å få lese desse)