NDLA har laga ei tilrettelagt og sikker KI-teneste for bruk i skulane våre. Tenesta er ein praterobot tilsvarande det mange kjenner frå ChatGPT, MyAI i Snapchat og BingChat. Den er tilgjengeleg for elevar og tilsette gjennom Min NDLA.
Gå til ndla.no og logg på https://ndla.no/minndla med Feide. Der ligg det lenke vidare til NDLA sin praterobot. På sida med praterobotane ligg det tre versjonar, ein for elevar, ein for lærarar og ein egendefinert.